Reparatørar fortener medalje!
Dei som reparerer skal vere stolte av det! Derfor har barn i Fredrikstad laga reparatør-medaljar. Bedrifter på reparatørkartet får medaljen som eit skilt å henge opp, så alle kan oppdage at dei hjelper folk med å ta vare på ting. Kikk etter skiltet ute i byen! Barna har også laga små medaljar av drivved til reparatørar dei kjenner.



















